Kristin Sørsdal: Om å omsette Elena Ferrante – og Napoli

Arrangementsinformasjon

Og om ein forfattar som meiner bøkene ikkje treng ein forfattar, men kan tale for seg sjølv. I år kjem to bøker av Elena Ferrante ut på Samlaget, debutboka hennar L’amore molesto frå 1992, med tittelen Kvelande kjærleik på norsk, og Frantumaglia, ei samling brev og tekster der forfattaren gir uttrykk for sitt godt funderte syn både på bøker utan forfattarar, og media- og forlagsbransjens sjuklege trong til å klistre forfattaren til boka. Me tar utgangspunkt der, i Frantumaglia,for å snakke om omsettinga – baklengs – av ein heil forfattarskap: Frå utgivinga av Napolikvartetten i 2015–2017 til Kvelande kjærleik som kjem på norsk i mars 2018, og som på mange vis opnar sirkelen Napolikvartetten sluttar.

Kristin Sørsdal (1966) har dei siste 3 åra omsett alt av Elena Ferrante, La frontiera av Alessandro Leogrande (Grensa, Cappelen Damm 2017) og gitt ut romanenMare (Samlaget 2017) om den kritiske flyktningsituasjonen. Ho er lærar, omsettar og forfattar.

Foredraget (omlag 45 min.) vil vere opent for innspel og spørsmål frå publikum.

foredrag

Restriksjoner

Billetter refunderes kun ved avlysning eller endring i spilleplan.